Sjekkliste for årsoppgjeret Sjekkliste for landbruket Det nærmar seg årsoppgjeret, og vi ønskjer å leggje til rette for ein så enkel og smidig prosess som mogleg.Vi ber dykk difor om å gå gjennom punkta nedanfor og sende oss relevant informasjon og dokumentasjon. Punkt som ikkje er aktuelle for dykk, kan de sjå bort frå. Lønsopplysningar Avløysarlaga innrapporterer lønsopplysningar, også for løn til andre enn faste avløysarar. Dei som ikkje får avløysarlaget til å innrapportere løn, må senda oss opplysningane innan 02.01.27. NB! Løn må vera utbetalt i 2026 for at ein skal innrapportere og utgiftsføre på 2026. Lønsmelding av kårytingar Vi må ha inn opplysningar om foreldre eller andre som mottar kår (husvære, mjølk, egg, brensel o.l.) frå gården. Dei opplysningane vi treng er: • Namn og personnr. på dei som mottar kår • Kva yring dei mottar Opplysningane om kårytingane må leverast så snart som råd. Ligningspapirer Vær oppmerksam på at barn frå og med fylte 13 år kan skriva eiga skattemelding for eigne lønsinntekter, medan renter og formue skal liknast på foreldra fram til fylte 17 år. Frist for innlevering av ligningspapir er: • 31. mai for næringsdrivande • 30. april for ”ikkje-næringsdrivande” som leverer PSA(preutfylt skattemelding lønnstaker) Bilag Bilag som er datert i 2026, men som ikkje er betalt før i 2027, skal vera med på 2026 rekneskapen. Send difor med desse bilaga også. Skattemelding Skattemeldinga kjem i mars/april – men næringsrekneskapen kan gjerast ferdig i god tid før dette. Så lever rekneskapen så snart alle 2026 bilaga er i hende. Frister Mva-frist for jordbruk/skogbruk er 10. april. For andre næringar (tilleggsnæringar) med årstermin 10. mars. Har du avgift til gode vil denne bli utbetalt 3 veker etter innsendt oppgåve, difor viktig å levere denne så snart som råd. Hugs òg at årsoppgjersopplysningane med bla. varelager, må fyllast ut på MinSide og sendast inn så snart som mogleg etter nyttår.